Institusjonar, organisasjonar o.l. (hovudregel): Det første leddet i namnet skal ha stor forbokstav. Resten har i regelen berre små bokstavar.
Døme: Rådet for vedlikehold av håndslokkere Foreningen for hjertesyke barn Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Departementa har ei lang namneform og ei kortform. Eit døme på det: Full form: Det kongelege miljøverndepartement / Det kongelige miljøverndepartement Kortform: Miljøverndepartementet
Vi skriv staten med liten forbokstav, men i namn blir det stor s i slike tilfelle som desse: Statens eldreråd Statens dyrehelsetilsyn Statens bygningstekniske etat Statens innkrevjingssentral / Statens innkrevingssentral Statens utdanningskontor i Buskerud
Vi skriv kommunen og fylkeskommunen med liten forbokstav. Nokre døme på namn: Hurdal kommune Rogaland fylkeskommune Trøndelag fylke
Vi skriv politiet, likningskontoret, folkeregisteret og trygdekontoret med liten forbokstav. Nokre døme på namn: Skien politidistrikt Klepp likningskontor Nes trygdekontor
Andre typar namn i staten og kommunane: Språkrådet Statistisk sentralbyrå Rådet for fagopplæring i arbeidslivet Foreldreutvalet for grunnskolen / Foreldreutvalget for grunnskolen Bjertnes videregående skole Vasshus skule Hærens ingeniørhøgskole
Nokre namn har etter gammal tradisjon stor forbokstav også i sisteleddet: Noregs Bank / Norges Bank Noregs Statsbaner / Norges Statsbaner
Geografiske namn: Det første leddet i namnet skal ha stor forbokstav. Resten har i regelen berre små bokstavar.
Det fjerne austen / Det fjerne østen Den dominikanske republikken / Den dominikanske republikk Dei sameinte arabiske emirata / De forente arabiske emirater Dei nederlandske Antillane / De nederlandske Antiller Den europeiske unionen / Den europeiske union Det heilage landet / Det hellige land Mexico by
Det heiter Bygde-Noreg / Bygde-Norge Vinter-Noreg / Vinter-Norge med stor forbokstav i førsteleddet.
Sørpolen, men ein sørpolsekspedisjon Middelhavet, men eit middelhavsland
Ord med geografiske namn eller personnamn i
Stor forbokstav og bindestrek: Oslo-folk Drammens-mann Bergens-dialekt
Men vi skriv helst slik: oslofolk drammensmann bergensdialekt
Samansetningar som sjølv er samnamn (bokmål: fellesnavn), kan altså skrivast på to måtar:
- med stor forbokstav og bindestrek
- med liten forbokstav og ingen bindestrek
I innarbeidde samansetningar som vi normalt oppfattar som vanlege ord (samnamn/fellesnavn), bruker vi liten bokstav og ingen bindestrek.
Døme: altaskifer chilesalpeter gudbrandsdalsost kvæfjordkake noregsmeisterskap/norgesmesterskap ringerikserter selbuvott ugelstadkuler
Stor forbokstav og bindestrek er det vanlege i nokså tilfeldige samansetningar: Alta-direktør Brønnøysund-skribent Bush-tale Hagen-utvalget Stoltenberg-ros Vinstra-uhell
Personar (sjå òg under punkt 6: Titlar, tilnamn og stillingar)
Heilag-Olav / Hellig-Olav Vesle-Kari Dale-Gudbrand
Visse namn får særbehandling: van Gogh de Gaulle von der Lippe
Fremst i ein tekst har det vore vanleg å la slike namn stå med liten forbokstav. Men ein kan skrive stor forbokstav om ein ynskjer det.
Jord og himmel
Liten forbokstav i sola månen jorda
Høgare oppe: Mjølkevegen/Melkeveien Store bjørn
Stjerneteikn med liten: han er jomfru ho er steinbukk
Religiøse namn med stor forbokstav Døme: Vårherre, Gud, Den heilage ande / Den hellige ånd, Menneskesonen/Menneskesønnen, Sankt Peter, Fanden, Satan, Allah, Buddha
Bibelen, Koranen
Men: kjøpe seg ny bibel; lese i bibelen sin kjærlighetens gud finne seg ein ny gud den norrøne guden Odin
for guds skuld / for guds skyld eit guds under
himmelen helvetet universet
Krigar, historiske hendingar og epokar
Når førsteleddet er eit særnamn (bokmål: egennavn), skal det vere stor forbokstav, i andre tilfelle liten.
Døme: med stor: Vietnamkrigen Golfkrigen Kielfreden
Døme: med liten: trettiårskrigen mellomalderen/middelalderen jura krittida krystallnatta/krystallnatten svartedauden sjuårskrigen (eller syvårskrigen i bokmål)
Ost, frukt, husdyr o.l. har liten forbokstav. Døme: gauda(ost) napoleonskake mormonsen(kake) åkerøeple kerrs pink herefordfe norsk raudt fe (NRF)
Plantenamn og bakteriar Våre vanlege bruksnamn skal ha liten forbokstav: blåveis kvitsymre løvetann
kolibakteriar/kolibakterier stafylokokkar/stafylokokker
I den latinske namneforma skal det første leddet ha stor forbokstav: Anemone hepatica Escherichia coli
|